Desse skripta utfører operasjonar på eksisterande bilete. På mange måtar er desse nokså like programma du finn i filtermenyen. Følgjande grupper blir lagt inn automatisk: These are scripts that perform operations on an existing image. In many ways they are like the plug-ins in the Filters menu. The following script groups are installed by default:
Alkymi
Alfa til logo
Animasjonar
Dekor
Effektar
Hjelpemiddel
Markeringar
Skygge
Stensil
Du finn her to skript: “skjer ut” og “kromatiser”. Begge desse lagar artistiske effektar, spesielt effektfulle på gråtonebilete.
Dette skriptet lager ein skygge bak biletet eller ein utvald del av biletet. Verdiane du sett for “Avstand X” og “Avstand Y” bestemmer kvar skuggen skal vere i høve til markeringa. Høge verdiar gjer at skyggen fell langt borte, medan små verdiar flytter skyggen nærare. “Sløringsradius” bestemmer uttoninga av skuggen. Sløringa aukar med lengda på skyggen.
Skriptet “Perspektivskygge” er nokså lik skriptet for å lage slagskygge, men har i tillegg ein “perspektiv-vinkel”. Blir denne sett til 0 eller til 180, blir det ingen skygge, elles bestemmer dette talet vinkelen på skyggen i høve til biletet. Dei andre parametra er nokså sjølvforklarande. Skriptet kan gi fine verknader i noen vinklar, men sjå heilt unaturleg ut med andre vinkelverdiar. Her er det bare å prøve seg fram.